fredag, april 21, 2006

Nøgd!

Her kjem ein rask liten påskerapport! Den må vere rask av di eg har ein svært lovande andre del av ein fredag når det kjem til lesing. Heite, for ei elendig setning! Jaja, alle kan ikkje vere knakande. Eg les på noko så festleg som kvantitativ metode - analyse av ymse variablar på ulike nivå og av ulike klasser! t-test og p-verdi, kji-kvadrat og statistisk signifikans. Ja, det er ein fest, skjønar de. Og idag kjenner eg meg svært oppgåande på dette feltet, og det gjeld å utnytte det. Tilbake til saka. Påska var god. Tusen takk til spesielt mamma og pappa og Anna og Eli og Pia. Dei oppfylte krava for "god påske heime"-kategorien (må vere på nominalnivå) med glans! Mamma diska sjølvsagt opp med all slags nydeleg mat. Aller best var dei heimebaka brøda. Der kan ingen slå ho. Eg hadde til og med besøk av amerikanaren Logan! Ein flott fyr frå Wahpeton, North Dakota, ja, you betcha! Han vitja Sykkylven frå torsdag til sundag, og fekk med seg norsk påske. Det innebar mykje eting, og ein skitur på far sine skreddersydde sko (heiter det skreddersydd når ein snakkar om sko?), treski, bambusstavar og med appelsin og kvikk lunsj. Det var suksess!
Påska var suksess!



No er eg attende i Bergen, og det passar meg også utmerka! Tenk det, både her og der kan eg vere, og det er like framifrå alle stader! Her er det vår med krokkus stikkande opp. Sola varmar, om berre litt, så nok til at eg blir yr av glede!


6 Comments:

Anonymous Anonym said...

Ja, det var ei koseleg påske hellapella ! Stor takk til deg og for alt du er og gjer ! Er kjempeglad i deg veit du. Saknar deg allereie, men vi sjåast snart.
Klem fra alle oss heime

7:00 p.m.  
Blogger Fru Skurk said...

Her var det topp stemning! Prøver å tankeoverførestjele (joda, det heter det) litt av energien din. Her står det også lesing på programmet i aften. God lesing til deg!

8:10 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Å skrive så mykje og ikkje ein gong dette ut av nynorsknormalen, er godt gjort av ei som berre er 20. Kosleg å ha deg på tråden. Som du ser, eg gjer det eg lovar....

10:27 p.m.  
Blogger Marta i farta said...

hei

3:18 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Må si du var heldig med det siste bildet der. Skikkelig artig. Ikke det at du ikke tok deg bra ut på det første:) Men det siste slo ann!! Mas, mas - have fun

4:17 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hey helga! Sku gjerne voer heime aa feira paaske me dokke! Hoyres ut som du ha de knall! :)

Haape du he de bra og at skule og eksamena gaar utmerket! Sjaast snart!
Klem Lovise

3:22 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home