tirsdag, juni 06, 2006

Medpassasjer til bry

I går hadde eg ei fascinerande oppleving då eg tok buss frå Stavanger til Bergen. Dette var siste etappe frå Lillesand, eg var rimeleg lei av å køyre bil og buss, og såg fram til ein rask og smertefri tur rett heim. Alt gjekk som smurt den første stunda; god plass i bussen, og eg kunne berre sitje og nyte det vakre lanskapet på vestlandet. Så hende det. Vi var nett komne til Bokn, og vidare til Susort (eller noko i den dur) etter å ha teke ferja frå Rennesøy. Bussen stogga ved eit einsamt busstopp, og ein ungdom kom på. Denne skulle vise seg å skape irritasjon.

Han sette seg på seta på den andre sida av midtgangen for meg. Alt i orden det, vi køyrde vidare. Så kjem det; han skulle sjølvsagt høyre på musikk. Alle går no rundt med musikk på øyra i desse dagar. Det er mest ikkje råd å få kontakt med våre medmenneske av di dei er fortapa i ei musikkverd. Ikkje noko gale i det, for så vidt, berre det ikkje går utover andre som eventuelt sit på buss og vil sove! Det er, etter mi oppfatting, poenget med høyretelefonar, at ein kan høyre på den musikken ein vil utan at andre treng å høyre han. Det poenget hadde tydlegvis ikkje min ven frå Tysvær teke. Eg (og andre medpassasjerar) blei offer for ein trancekonsert av dei få. Vi snakkar ikkje om ei så vidt høyrbar summing der ein tenkjer er at "oj, eg kan høyre at han spelar musikk, han burde skru ned litt, eller så kan det gå ut over høyrselen hans seinare i livet". Nei, her kunne eg setje i og syngje med dersom eg hadde hugen og dersom eg hadde kunna teksten på spetakkelet. Songane hadde for så vidt ikkje dei mest avanserte og djupe tekstane. Heller ikkje så mykje tekst, og sidan repertoiret var på kring ti songar, slapp vi å vere redde for at vi ikkje skulle få ein repetisjon eller tre, og hadde gode forutsetjinar for å lære oss lyrikken utanåt. Vi hadde kring fire timar att av reisa, og alt eg vona og ba - han gav ingen teikn på at han skulle av med det fyrste. Tvert om- han la seg til å sove! I medan skreik høyretelefonane ut remix'ar av Bryan Adams, og inkjeseiande lyrikkar kom på rad og rekkje. På fleire tidspunkt var eg på nippet til å lene meg over og spørje kva HAN oppfatta som meininga med høyretelefonar, men det hadde neppe nytta, av di han sikkert var tilnærma døv!Det var berre å innsjå det. Gjennom Tysvær, Sveio, Stord, Tysnes og heilt fram til ein etterlengta Bergen Bussterminal blei eg heilagt overtyda om at denne type musikk aldri vil gjere eit positivt inntrykk på meg, og at eg sjølv må kjøpe meg slikt elektronisk utstyr for å verne meg mot nye angrep av dette slaget.

Elles vil eg takke ein eldre herre som hadde med seg ei rhododendron-plante som åleine tok opp to busseter, og som gav meg assosiasjonar til lange, trange, svette, og ikkje minst bråkete bussturar i Uganda, der både dyr og menneske var med, og som til sist sette heile denne situasjonen med Tysværingen og "musikken" hans i eit litt større perspektiv.

10 Comments:

Blogger Anders G said...

Har du vært ute og handla ennå? Med musikk i ørene er du som i en tidsmaskin. Jeg kunne aldri tatt norsk, innenriks langdistansebuss uten. Vi sees og snakkes i helga, Helga.

7:12 p.m.  
Blogger Helga said...

Eg veit! Av og til føler eg meg skikkeleg avleggs som går ikring utan desse proppene i øyrene. Eg trøystar meg med at vitskaplege kontrollerte studier har vist at dei som bruker denslags vil få nedsett høyrsle og, etter mitt resonnement, blir rundlurt og baksnakka som gamal.

9:48 a.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Helga Helga....sitte på datasalen og LER!! Eg ser deg for meg sånn du va heime då du fortalte om episoden! Den uvanlige lengden på bloggen din seie sitt om at ditta må ha vært et irritasjonsmoment uten like, og viss da va ditta så sku te for at du begynne å skriva lengre blogga så e da verdt da! :)

Men kjære deg, koss i all verden kunne du finna på å reisa fra Lillesand te Bergen UTEN musikk?!?! Har du no kanskje lært te neste gong? Du sku bare spurt, så kunne du fått lånt min fantastiske 1985-generasjons discman! Den har steike bra lyd! :)

10:02 a.m.  
Blogger Helga said...

1985, klara? Eg går ikkje med på at det ei gong fans discman på den tida. Den trufaste walk-man'en regjerte åleine utan tanke for ein konkurrent.

10:48 a.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Oi då!! STOR tabbe! 1995!! Koffor går da kje an å trykka på sånn "edit"-knapp på kommentara??!?! :) Fatte koffor eg ikkje valgte matematikk på vidaregåande??!

Ska forresten lova deg at EG ikkja hadde klart å sitta fra Tysvær te Bergen uten å sei fra te han der dusten! Og da e ikkje lov å spela Bryan Adams i REMIX?!?!

1:53 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ungdommen no til dags!!

10:55 p.m.  
Blogger Fru Skurk said...

Gratulerer med dagen! (Jada, gratulerer med dagen for to dager siden..)Håper du hadde en fin dag.
Får vi en bursdagsoppdatering?
Og ikke minst: Stor underholdning i siste blogg.

8:03 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei Helga :)

Tenkte jeg kunne legge igjen en liten hilsen til deg! Nå er du vel kommet frem til USA - heldiggrisen!! Trist at jeg ikke får se deg på evig mange torsdager nå - var så vant til å ha den lille timen med deg - så kjekt og koselig! Du er en knupp! og ja, jeg skal prøve å få startet en blogg - til ære for deg... :) Og igjen, tuuusen takk for sokkene, de er allerede brukt, faktisk i skrivende stund også ;)

Vi snakkes du!

10:33 a.m.  
Blogger ... said...

Hei igjen Helga, Silje Kanin her :) Du, nå har jeg lagd meg blogg, så vet du det!! How are ya
??
SMASK

2:38 p.m.  
Anonymous Anonym said...

berre sutring på deg.

1:31 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home