Kven bryr seg om veret?
Dagen i går var den tredje varmaste dagen i Bergen i år. Varmerekordar vart slegne i hytt og pine. Folk svetta i kapp, sjeleglade for ein liten ekstrasommar. Torsdagsmiddagen vart på terassen med grilling. Kan det bli betre? Jau, det skal eg seie deg. Det som verkeleg gjorde dagen for meg var o herlege Scotsman med sving! Dei som følgjer med på bloggen veit at eg har fått ein kjærleik for denne danseforma. Ein svært etterlengta aktivitet som har hatt pause i lange somarmånader. Endeleg var vi attende på golvet med sprett og iver i beina. KRIK'arar inntok på ny utestaden, og det er ikkje tvil om kven som laga livet. For ei fantastisk sysle det er å få danse litt.
6 Comments:
Nå har jeg oppdatert bloggen min!
Hei Helga! Endelig har jeg fått sjekka bloggen din! Skal legge deg som link=)
Ute av form, Helga? Det begynner å bli ei stund siden du har skrevet noe nå. Er det høstværet som gjør leddene dine stive? Og hvorfor har du døpt om bloggen din?
Eg ser til mi store forferding at det nærmar seg ein heil månad sidan eg sist gjorde noko inngrep i bloggen min. Det er sjølvsagt eit resultat av mitt uhyre viktige og travelt opptekne liv der eg vanskeleg kan prioritere å skrive om uviktige episodar i kvardagen. Eg vil likevel freiste å gjere noko med dette denne veka. Det vil seie etter onsdag.
no er det laurdag...
... og du har enda ikke oppdater bloggen. Jeg venter i spenning, frk. "oppdater!"
Legg inn en kommentar
<< Home