mandag, oktober 16, 2006

Unyttig informasjon

Ja, litt forseinka kjem det no ei lenge etterspurt oppdatering. Eg innser etterkvart at bloggane mine er relativt ettertrakta. Denne blir kort. Eg kan meddele for dei som av ein eller annan uforståeleg grunn ikkje trudde at genseren som eg dreiv å strikka på i september ikkje skulle passe, no for ei god stund sidan vart ferdig og er teken i flittig bruk. Når eg får eit bilete av vidunderverket på, skal eg leggje det ut som prov.

Elles så trudde eg at eg skulle få ein svipptur innom Sykkylven til helga, men det ser dårleg ut. Eg arbeidar iherdig med saken, så vi får sjå. Eg må innrømme at det hadde vore herleg med eit par dagar i heimbygda. Kanskje for siste gong i huset mitt? Eg likar å sjå på det som mitt.

På laurdag var eg på KRIK fotballcup. Der hadde eg ansvaret for den prestisjefylte triksekonkuransen! Det var heller laber oppslutning, men eg fekk huka tak i fem-seks lovande spelarar som gjorde sitt aller beste, med varierande resultat. Vinnaren imponerte med heile 510 triksingar(?). Er litt usikker på eininga her... I alle høve: sidan det var lite å gjere på trikseposten min nytta eg meg av sjansen til å vere med på andre aktivitetar. Av dei var bruskasseklatringa favoritten. Jada, det er meg på toppen der! Det var innmari tule altså. Og kjekt å flyge nedatt i tauet når kassene ramla. Anbefalast.

I går grilla eg pølser på bål. Meir spesifikt, kylling- og kalkunpølser. Eg var kanskje litt i tvil om det var så lurt å kjøpe dei i staden for den vanlege sorten, men sterke meiningar med erfaring fekk overtyda meg. Og eg må ærleg innrømme at dei var uventa gode. Først kjende eg eigentleg ikkje nokon skilnad, men ettersom inntaket auka, vart dei betre og betre. Eg har dermed utvida horisonten litt, og er tilfreds med det.

14 Comments:

Blogger Fru Skurk said...

Eg sit her med tanta di (mor mi) og ho har framleis dårleg samvet av di ho lo slik av strikketyet ditt. Berre til pass for ho å få høyra at genseren er i bruk! Eg gler meg til å sjå han på.

10:09 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kven grilla du pølser med?

12:34 a.m.  
Blogger Helga said...

Fru Skurk. Berre sei til mor di (tanta mi) at ho slett ikkje treng å ha dårleg samvit. Strikkesjølvtilliten min er på topp! Særleg etter at dei lo. Så eg burde heller takke for den så vidt merkbare sarkasmen som kom frå fleire hald (jmf. Christina Aguilera - Fighter).

9:28 a.m.  
Blogger Helga said...

Når du (anonym) fortel meg kven du er, så skal eg fortelje deg kven eg grilla pølser med. Det er vel berre rett og rimeleg.

9:29 a.m.  
Blogger Karoline said...

Hei snuppa!

Håpe du kjem heim i helga og at ej rekk å få treffe dej:)Vi hadde bruskassestable konkuranse i volda me her i haust...men da va ej berre publikum og ikkje aktiv deltakar...ej burde sikkert ha prøvd:)

11:21 a.m.  
Blogger ... said...

Gleeeeder meg til å se deg også, snuppelupp!! Ikke lenge til no - jippi jippi! Gjett kem som skal være stand-in for Silje på swingkurset på torsdag da ;)

SMAAASK!

4:16 p.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Kor mange bruskassa blei da Helga? Prøvde å telle, veldi imponert! Har sjukt lyst å prøve å klatre bruskassa, men tør ikkje når andre ser på...:)

4:55 p.m.  
Anonymous Anonym said...

ohoi... det var mange kasser! prøvde det der på roskildefestivalen og det gikk bare 4-5 før balansen bikka og det ikke gikk å forstå opp og ned på tau eller noe som helst..

10:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

og den blei visst anonym, for jeg kløner...

10:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Flott bilde altså:) Vil tro det står en sabla god fotograf bak det.. hehe.. Veldig kjekt at du ville hjelpe til på fotballcupen - TUSEN TAKK!

11:36 p.m.  
Blogger Anders G said...

Hva er det du gjør for å skaffe deg så mange fans, Helga? Greit nok, du er kanskje ei gudinne til å stable og klatre på bruskasser og du skriver så og si perfekt nynorsk, men elleve (tolv med denne) kommentarer på ett innlegg - det første på Gud vet hvor mange dager? Jeg er dritimponert.

2:19 a.m.  
Blogger Karoline said...

hei!!

da he ej endeli oppdatert bloggen min. d e kun du og åse katrin trur ej so les den,derfor he ej ikkje oppdatert so masse!!men skal bli flinkare!!

11:20 p.m.  
Anonymous Anonym said...

oppdater!:)

10:45 a.m.  
Blogger Helga said...

Eg veit ikkje heilt kva eg synest om at anonyme masar om oppdatering på bloggen min, men eg skal nok skrive noko om ikkje så lenge!

1:34 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home