onsdag, november 01, 2006

Blogg til besvær, og "besvær" er sikkert ikkje eit nynorsk ord.

Eg må ofte minne mine næraste på å lese bloggen min. Dette er sjølvsagt ikkje ønskjeleg, men heller ei smerteleg sanning. Når eg av og til snakkar med til dømes pappa, og han spør om eg har noko nytt å fortelje, så spør eg gjerne tilbake om han har lese på bloggen min i det siste. "Nei, veit du, eg har ikkje det. Eg har prøvd, men eg har gløymt adressa." Eg synest sjølvsagt ikkje dette er ei tilstrekkjeleg unnskulding sidan det i dagens mobile samfunn ikkje skulle vere noko problem å sende ein sms til dottera si for å klare opp i eventuelle uvisser om adressa. For pappa kan skrive sms. Han kan også bruke ei datamaskin. Eg er tolmodig og dikterer adressa for hundreogørtande gong. Ja, no skal han gå inn og lese.

Eg tok meg ein tur heim til Sykkylven for eit par veker sidan. Det var utruleg kjekt, og litt vemodig av di det nok var siste gong eg la meg, vakna, åt og anda i barndomsheimen. Eg tilbrakte store delar av tida blant pappkasser og anna skrot på rommet mitt. Det er fantastisk at det går an å samle seg opp så mykje unyttig i laupet av 20 år. I tillegg nytta eg meg av å hjelpe pappa inn på bloggen min. Eg går no over til PRESENS. Dette er heilt medvite, og ikkje ein typisk feil gjort av ungdomskuleelevar. Eg nyttar presens av di det gjer det heile meir røyndomsnært. Eg skriv inn adressa på datamaskina. Der kjem det opp alle moglege fantasifulle variantar av bloggadresser som tidlegare har vore prøvd, og eg skjønar i alle høve at det er blitt gjort reelle forsøk på å finne meg! SÅ: pappa har litt å ta igjen av lesing på sida og byrjar med Sykkylvsbesøket. Og no kjem konsekvensane av å ha ein norsklærar til far. Eg sjølv set mi ære i å skrive rett nynorsk, og kan ikkje utstå skrivefeil. Mitt fremste mål er likevel at folk som les bloggen skal få med seg innhaldet, og ikkje hengje seg opp i mindre grammatiske feilsteg. Pappa set i gong og les. Det er stille ei stund og så: "Men Helga, då". Å-å...Flashback til dagar som skuleelev, og pappa som les over stilane eg har skrive. Han siterer og rettar: "Tom mage er ikkje bra for nokon aktivitet, ikkje aktivitetar"(For spesielt interesserte - les bloggen "Var Sykkylven her?") Ja, pappa. Han les vidare. Ikkje meir enn eit avsnitt seinare får eg endå eit skår i norskdugleiken min. "....det nydelege kaffiserviset han blei servert? Her må du ha ein preposisjon! Til dømes kaffiserviset han blei servert av. Han åt vel ikkje serviset?" Nei, pappa, han åt sjølvsagt ikkje serviset!! Eg er på kanten til å gjengjelde sarkasmen, men bit meg heller i leppa. Ikkje meir enn ei setning etter kjem neste feil, og nynorsksjølvtilliten min har sunke til negativ. "Møtest, Helga". Kva?! No rotar han. Men nei, eg må gi meg - som så mange gonger før. "Å møtast i infinitiv, men her er det presens og då blir det møtest." Sjølvsagt. Eg har no overgitt meg og er innstilt på å bruke resten av kvelden på RETTING av bloggen. Eg har til og med oppdaga ein grammatisk feil sjølv og ventar berre på at visse andre også skal gjere meg merksam på han. Men nei, lærarmøtet er over for denne gong. Heretter er pappa overlatt til seg sjølv for å finne bloggen min.

28 Comments:

Blogger Anders G said...

Jeg stoler helt og holdent på onkelen min, og trekker tilbake kommentaren min på den "tilnærmet prikkfrie nynorsken" din. Aiaiai, her er det mye å ta tak i, Helga. Jeg foreslår bokmål.

1:30 p.m.  
Blogger Fru Skurk said...

Jeg tør heller ikke svare på nynorsk mer når jeg vet jeg har en onkel med rette-øyne på - selv når han leser datteras blogg. Venter stadig på bilder av den nye genseren.

6:45 p.m.  
Blogger Anette said...

Eg tykkjer at du burde oversjå nynorskutryggleiken din og berre køyre på. Du har ein framifrå nynorsk! Berre hugs: Sjølv dei beste journalister gjer skrivemistak. Då burde du verte tillate dette ein gong iblant:)

11:55 a.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Imponerande nynorsk Anette!!

Helga, eg kjenner meg att i det du skriv! Mamma er også norsklærar, og kva kan ein seie? Ein gong norsklærar, alltid norsklærar...diverre har eg nokre av dei same syndroma. Døme: Taklar ikkje når folk seier "spør eit spørsmål"... Det heiter å STILLE eit spørsmål (høyrer ein nokon gong engelskmenn seie "question a question"?? Eg unngår irriterande kommentarar frå mamma ved å for det fyrste skrive dialekt, då kan ho ikkje kritisere, og for det andre ved at ho berre les bloggen min når eg ikkje er tilstades...:)

Må tilføye at det nok ikkje er tilfeldig at eg i kommentaren her har skrive kav nynorsk.

1:05 p.m.  
Anonymous Anonym said...

"Mitt fremste mål er likevel at folk som les bloggen..."

Hm...er dette god nynorsk?

1:47 p.m.  
Blogger Helga said...

Argh! Eg byrjar å kjenne ein trang til å blokkere anonyme kommentarar! Men berre av di eg er nyfiken, så lurer eg på kva den anonyme har å utsetje på den siterte setninga? Eg kan ta sjølvkritikk på bruken av "folk". Eg vil ikkje bli overraska om det er pappa som har funne fram til kommentar-funksjonen.

Takk Anette og Klara for støtte og forståing. Det er godt eg har dykk å kome heim til!

4:39 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg foreslår "til bry" eller "til møde" i staden for det du valde, og som eg for min del knappast kan tenkje meg å setje på trykk. Skal du løfte skrivetamen din frå bra til framifrå, må du tole såpass. Det med å skrive lydrett, har det kome framlegg om før. Som du veit gjorde den elles så klårtenkte Olaus Fjørtoft freistnad på såvore. Dette synte seg fort å vere meiningslaust, og tenkjande menneske har sidan ikkje målbore synet.
Hugs orda til oldefaren din: "Skal nynorsken døy, skal han gjere det i venleik" Lukke til Helga.
papsen

8:48 p.m.  
Blogger Helga said...

Eg skjønar at eg har ein lang veg å gå med nynorsken når eg no først må bruke ordlista for å forstå kommentaren din, pappa. Takk for innspel!

2:12 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Jeg synes faren til Helga skal slutte å svære seg med alle de rare ordene han kan.

12:45 a.m.  
Blogger Helga said...

Eg tykkjer at alle som har noko å seie om dei rare orda til faren min skal skrive kven dei er, og ikkje halde på med slikt barnleg anonymitetstull.

johannes, det er aldri for seint å finne tilbake til gamle røter.

9:17 a.m.  
Blogger ... said...

Helga, du e morsom!! :) Hehe.. savner å diskutere med deg altså! Du e så søøøt når du blir "sint" og opprørt!!

10:19 a.m.  
Blogger Karoline said...

Slepp nynorsken til!

1:45 p.m.  
Blogger Anders G said...

Jeg valgte å være anonym fordi pappa/onkel-terginga ville blitt avfeid som sedvanlig Anders-fjas hvis du visste hvem som stod bak, og jammen fikk jeg den reaksjonen jeg hadde håpet på. Heretter skal jeg kommentere med fullt navn, for jeg er enig med deg - anonyme kommentarer er ubegripelig irriterende. Sorry.

4:45 p.m.  
Blogger Helga said...

Alt i orden, Anders, så lenge du tilstod.

Silje- saknar diskusjonane våre, ja! Eg lurer på om mangel på jamnleg utdiskutering kring ymse emner har ført til dette litt store fokuset på nynorsk... Eg treng balansering. kom heim!

4:03 p.m.  
Anonymous Anonym said...

e e mer opptatt av tall kan Helga finne ut korr myee 1/3 av 200 e? og ka ho kan bruke d til?

12:12 a.m.  
Blogger Helga said...

Eg kan lett finne ut kor mykje 1/3 av 200 er, og sikkert også noko vetugt å nytte det til. Vidare eit tips til deg: Sjå kommentar nr 7 og 15. Takk.

9:40 a.m.  
Blogger Helga said...

Eg trur foresten at det er på tide med ei ny oppdatering på bloggen. Eg føler at denne kan hende har utspelt si rolle...

9:43 a.m.  
Blogger Fru Skurk said...

Eg vil berre sei at eg trur den siste kommentaren kjem frå ein annan onkel i vest...
Og ja - bloggen treng ei oppdatering!

4:26 p.m.  
Anonymous Anonym said...

en e jo ikje anonym når nåken vet kem en e eller ?
"sikkert også noko vetugt å nytte det til"
ja dersom du bruke 66,66 så kan e bruke 66,67 + 66,67!!! e som trodde me hadde en avtale?

12:22 a.m.  
Blogger Helga said...

Onkel Ernst! Hadde vi ein avtale? Det har i så høve gått meg hus forbi. Ikkje sjå dette i samanheng med det utarta språklege fokuset som har vore på bloggen i det siste. Eg er ikkje SÅ nøye på det, men du skriv meldingar i kodar. Du meiner vel at eg må ha det inn med teskei, men eg skjønar ikkje kva du meiner når du skriv "135 på me?" No derimot, etter fleire kodemeldingar (anonymt vel å merke) fell brikkane på plass, og eg byrjar å ane at du sleg føre at vi skal dele på utgiftene. Eg betaler 1/3 og du 2/3. Det tykkjer eg er ein god ide, Onkel! MEN, berre dersom du har lit til organisasjonen.

Takk for identitetsavdekkjing, Hanna!

9:29 a.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Identitetsavdekkjing?? IDENTITETSAVDEKKJING?? E da eit ord du har funne på sjøl eller har du funne da i utrydningsboko di?

2:42 a.m.  
Blogger Helga said...

Det er mogleg at eg har funne opp kombinasjonen av identitet og avdekkjing ja... Kan ikkje minnast å a sett det i boka mi. Kjem du snart heim? Vi saknar deg!

9:31 a.m.  
Blogger Anette said...

Kan vi dele vår glede, Helga?

10:36 a.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Vi glede vår dele? Ditta skjønte eg kje...

Eg kjem heim snart veit du! Her får eg jo ikkje gjort noko som helst fornuftig, så best eg set meg på kystbussen snart... Onsdag trur eg blir ein god dag å reise på. Øs pøs regn ute får meg til å vere glad eg er her som eg har tilgang på bil...

11:17 a.m.  
Blogger Siv said...

Hei Helga!! skjønner eg kom midt inn i en nynorsk/skrivefeil diskusjon her.. eg ville bare si hei eg:) Hører rykter om at du har det veldig bra i Bergen for tiden.. Korti reise du hjem te jul? Meg og Silje komme i midten av desember. Hadde vært kjekt å ta et treff da:) Beklager min noe forvirrende dialekt skriving.. blir både påvirka av sørendingene og de jeg bor med, som er fra østlandet, i god kombinasjon med min herlige vesen som bergenser ,hihi! En gang bergenser, alltid patriotisk:)

1:06 p.m.  
Blogger Helga said...

siv! kor kjekt at du tok turen innom bloggen min! :) Eg har det flott, ja :) korleis er det med deg? Eg reiser heim ein av dei første dagane etter 15. desember. Når kjem du heim? Hadde vore kjekt å sjå deg før jula!

4:14 p.m.  
Blogger Haugtussa said...

Hei Helga!
Eg snubla brått inn her på bloggen din, og fann notisane dine framifrå morrosame. Sjølv har eg to norsklærerforeldre og eit snev av dysleksi, så kjenner eg meg særs godt igjen i det du skriv. Ikkje gje opp nynorsken! Det er det siste alle norsklærarforeldre vil.
Snakkes på Krik.

10:25 p.m.  
Blogger Helga said...

Kristin! Så kjekt å sjå deg på bloggen min! Det må skje oftare! Lenge sidan eg har sett deg no. Korleis er ståa?

9:42 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home