tirsdag, november 21, 2006

Stå opp!

I dag tidleg ringde som vanleg vekkjerklokka ti på sju. Eg har hatt det for vane å slumre EIN gong, og deretter stå opp. I det siste har eg bete meg i merke at slumringa har utarta til både to og tre repetisjonar, noko som resulterer i at eg ikkje er ute av senga før kvart over sju, nærare halv åtte. Eg ser dette som på kanten til uheldig, men sidan eg korkje har eksamen eller andre nære stressmoment før jul har eg tenkt med meg sjølv at eg kan tillate meg litt slingringsmonn. Andre har imidlertid tenkt annleis. I dag hende det nemleg igjen. Kanskje hakket verre enn tidlegare. Eg slumra som vanleg ein gong, men denne gongen gjorde eg den feilen å skru AV alarmen. Eg er berre eit menneske og som naturleg er når det enno er svart som natta ute, fell eg attende i svevn. Eg bråvakna av ein bankelyd. Etter at eg fekk summa meg litt skjøna eg at det stod nokon å banka på døra mi. Eg spratt opp av senga, sjangla bort og opna døra. Der stod Anette og Klara og lurte på kvifor eg ikkje hadde stått opp enno. Klokka var då verkeleg halv åtte!

15 Comments:

Blogger ... said...

Tro meg, Helga, eg kjenner meg igjen!! De siste ukene har det vært sååå hardt å stå opp!! Eg skjemmes... Og hver dag tenker eg at: "I kveld, da skal eg legge meg tidlig!!" Well well... :)

Love from me to you!!

6:16 p.m.  
Blogger Sverre said...

Heisann!
Koss ska dette gå, Helga? Dette bærer rett i uløkka! Når det fysst begynne å gå nerøve så e det ingen vei tebage.
Vett dessverre ka eg snakke om... I dag sko eg opp klokkå åtta, men kom meg ikkje opp før ni... Begynne å skjemmas. Har møje å lera av stå opp vanene dine :)

7:33 p.m.  
Blogger Anders G said...

Dette skal du ikke ta så tungt, Helga. Jeg våkner med telefonen, som er vekkerklokka mi, i hånda rett som det er - gjerne nærmere lunsj enn frokost. Det er bare å jobbe noen timer etter at de fleste har gått hjem.

11:01 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kor e alle heltar hen? Stå opp igjen! Finst da ingen A-menneske lenger?? :)

Og ka SKJER med ditta Google account opplegget? Eg fatte ingenting, trudde eg MÅTTE laga meg ein sånn konto og no kan eg ikkje lenger kommentera andre som ikkje har da Google opplegget uten å kommentera anonymt! Såpass irriterande at eg ikkje klare å gi uttrykk for da skriftlig!!!!!

Klara Vibeke

9:09 a.m.  
Blogger Helga said...

Altså, takk for all støtte når det gjeld at eg ikkje har klar å stå opp til planlagd tid dei siste morgonane. Eg kan diverre ikkje samanlikne meg med korkje Silje eller Anders av di eg ser på dykk som B-menneske. Sverre, eg trur du er på grensa du og. MEN eg må få presisere at klokka faktisk "berre" var halv åtte, og likevel var mine vener i kollektivet forundra over at eg ikkje var oppe. Eg likar å stå opp tidleg, men eg innser no at det er ein moglegheit for at eg det siste halvanna året er blitt påverka av morgonfuglane i kalfarveien 10, der det det å forsove seg er eit nederlag.

9:21 a.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Forsove seg? Kva er det?? :) (har klart å logge meg inn no...)

4:38 p.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Må forresten få tilføye at det uttrykket du hadde i andletet idet du opna døra og fekk lyset frå kjøkkenet midt i fleisen burde ha vore foreviga... Var eit fantastisk syn!

4:40 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Morgenstund har gull i munn! :)

8:38 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Åh! De studentar og denne klaginga og sytinga! Eg gledar meg til å sjå åsynet dykkar når verkelegdomen slær nyfiknaden ut av det tidlegare omtalte andletet.

Me som jobbar for å tene til livets opphald har ikkje ein gong rukke å leggje oss når pliktene til den nye dagen kallar og vi må stå opp.

8:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

helga! har hørt at man egentlig ikke skal stå opp før den innebygde klokka i oss sier "stå opp"... noe som resulterer i mange sene og koselige frokoster. nyt studenttilværelsen. den er bare en gang i livet.... gleder meg veldig til å treffe deg! SOLVEIGSEN

10:28 p.m.  
Blogger Klara Jensen said...

I Kalfarvegen ER det den biologiske klokka som seier at me skal stå opp, berre litt tidlegare enn hos andre...!! ;)

Dessutan kan frukosten vere like lang og koseleg klokka 07.30 som klokka 10.30! Eg slår eit slag for A-menneske, måtte me ikkje bli ei utdøyande rase!

3:44 p.m.  
Anonymous Anonym said...

snooze-knappen er Guds ( eventuellt ingeniørens) gåve til vekkerklokke-verda. Eg stiller klokka med vilje ti minutt fram, berre for å få 2x5minutt snooze tid. Dette er tid eg nyttar til å gå over i stå-opp-modus. Og er etter mi vurdering heilt nødvendig.
Men eg har og lagt merke til at klokka mi automatisk sluttar å snooze etter en halv time.. katastrofalt for 8-forelesing som skulle bli 9-forelesing som til slutt ender opp som 10-forelesing.


lev vel.

12:32 a.m.  
Blogger Helga said...

Kva om vi ikkje hadde snooze...då ville det kanskje vere vanskelegare å falle for freistinga med å sove "litt ekstra".

11:42 a.m.  
Anonymous Anonym said...

då hadde eg benytta meg av å kunne skru på ein ny alarm 5-10 minutt seinare.
utan tvil.

3:51 p.m.  
Blogger Helga said...

Du finn alltid ei råd, du Steffen.

11:10 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home