tirsdag, april 01, 2008

"Tripp, tripp, tripp" det sa...




Dette semesteret er eg paa utveksling. Det inneber for meg eit nytt land, og som de nok veit fraa foer, saa hamna eg i Mexico. Utveksling inneber ogsaa eit nytt universitet. Eg fann Universidad Iberoamericana, eller Ibero om du vil. Universitetet vart grunnlagd i 1943 av jesuittar og er eit av fleire jesuittuniversitet over heile verda. Eg vil her gjere greie for skulevegen min. Sett vekk i fraa tysdagar og torsdagar daa vi faar sitje paa med José, tek eg bussen fraa dette busstoppet:






Som regel saman med Dan og Ana. Bussen kostar 3.50 og ser nesten alltid slik ut:






Han er allereie stappfull naar han kostar ned bakken der vi staar klare med haikehanda. Som oftast maa vi dermed staa paa rekke ved sida av sjaafoeren og vidare ned trappa. Dan staar, som den gentlemannen han, er nedst slik at han, og ikkje jentene, skulle dette ut doera dersom noko uventa skulle hende. Naar bussen er full er det nemleg sjoelvsagt ikkje mogleg aa lukke doera. Med Dan halvt inne i bussen og halvt utanfor gaar ferda ned bakkane, rundt foerst ein sving, og saa ein annan og oppatt til motorvegen. Nesten alle soev paa bussen, men heldigvis ikkje sjaafoeren som rett som det er tek ei stille Ave Maria med korsing og det heile innimellom hissig bruk av bilfloeyta og det ein i Noreg ville kalle "spanske manoevrar". Som oftast gaar det relativt radig, men det hender at vi braatt innser at vi staar saa godt som paa staden kvil. Trafikken er mara i México by. Litt nede i hogget er busstoppet "Puente Conafrut", og der gaar vi av, eller hoppar av i fart dersom sjaafoeren finn det best. Dette er under ei bru, og vi maa gaa opp trappene til vi er oppe paa brua for aa ta neste buss. Nedanfor trappene er det nokon som bur. Her moeter eg kontrastane i millionbyen. Der travle menn i dress og kvinner i drakt hastar av garde til arbeid er det som ein liten slum. Smaa skur av nokre hus, bilvrak, kloakk og stank, og menneske. Heimar. Og eg lurer paa kvar dei fire bada som eg har i mitt meksikanske hus er. Eller dei fire nyvaska bilane.





Vel oppe paa brua ventar vi paa bussen, eller han ventar paa oss. "Santa Fe". Det kostar 2.50. Denne bussen er nemleg mindre i storleik. Microbus kallar dei det, og difor kostar det litt mindre aa ta han. Logisk nok. Meir eller mindre 10 minutt seinare kan vi igjen hoppe av og spasere opp bakken til Ibero. Fram med ID-kortet og eit "Buenos dias". Vi er av dei faa som faktisk GAAR inn porten. No er vi blant piffen og i toppsjiktet paa den sosiale rangsstigen. Her rullar det kvar dag inn ca 7000 nye og blankpussa bilar. Dei kring 11000 som studerer her er paa folkemunne "fresas". Direkte oversett vil det seie "jordbaer", og ikkje spoer meg om ordbruken. Men ei eller ein "fresa" har pengar, har dyre vanar og er kanskje bortskjemd? Her har vi ogsaa "juniorane". Dei som om eit par-tre aar er klare for aa ta over selskapet til papá. Ja det heile hoeyres daa litt komisk ut, men det er slett ikkje sjeldan eg stoeyter paa ei og anna med tape paa nasen. Slik ein ser paa TV-programmet "Extreme Make-over", veit du. Saa er det dei som kjem med livvaktene sine paa slep. Foerst éin bil, saa studenten i sin bil, og saa endaa ein bil baketter. Saann for tryggleiks skuld. Men dette er det ekstreme. Og universitetet er heldigvis mykje meir enn berre pengane. Fult av flotte, imoetekomande og interesserte menneske. Ein flott skule med mykje ressursar, gode professorar og god tilretteleggjing. Dei som er studentar her er utan tvil priviligerte paa saa mange maatar, og ein kan berre haape at dei fleste er medvitne om det. Nok om det. Dette handlar om transport.


Skuledagen er over, og eg er klar for turen heim. Bussen min seier "Bosques" og stoppar komisk nok her:



Naar eg kjem staar det som oftast meksikanarar "lina" opp som om dei var i foerste klasse. Ja, er det noko dei kan her i Mexico, saa er det aa lage koe. Den som kom foerst, skal sjoelvsagt faa kome paa bussen foerst. Eg er tilhengjar av slikt. Saa faer vi avgarde gjennom tunellen. Av paa "Lilas", spaserar opp ein liten bakke forbi ei fin blanding av seljarar. Her kan eg faa det eg maatte trenge; alt fraa blomar til taco, pornofilmar til sigarettar og haarpynt til ferskpressa jus. Siste buss seier "San Fernando/Vista Hermosa". Eg bur i sistnemnde. Paa denne strekninga er det nesten aldri trafikk, og vips saa er eg utanfor porten min. Det einaste som kan vere eit problem er at paa bussane i Mexico er det som regel berre éin stoppknapp, og den er heilt bakerst ved utgangen. Saa naar eg staar halvvegs skvisa midt i midtgangen er alltid spoersmaalet om eg skal preove aa manoevrere meg framover og seie i fraa til sjaafoeren at eg skal av om litt, eller presse meg baketter og finne stoppknappen. Det eine eller det andre krev som regel like mykje arbeid og "perdoname'ar", og drivkvit som eg er skjoenar folk raskt at ho her er ein amatoer paa meksikansk offentleg transport. Eg, derimot, synest at alt gaar rett saa fint, og troeystar meg med at paa denne maaten slepp eg unna kor vel spanande eller skremjande det er aa maatte koeyre ein bil her i denne lett overtrafikerte byen.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Høyrest nett ut som bussforbindelsen og trafikkaoset i Tynesstranda:P Karro

10:41 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hatt en fin påske? Kjekt med besøk?

9:29 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home