mandag, januar 07, 2008

Bienvenida a México!

Tid for skriving. Eg er i Mexico. Byen. Her har eg vore no i fem dagar. Altså, for under ei veke sidan sat eg i Sandnes og spelte ticket to ride eller domino frå Madagaskar. No er eg ein heilt annan stad. Langt vekke frå både Sandnes og Noreg. Det er spanande. På flyet hit var det litt i overkant spanande. Mutters åleine på veg til ukjent farvatn og ukjent språk, ikkje minst. På flyplassen vart eg møtt av to smilande meksikanarar med eit forseggjort skilt med namnet mitt på. Då var alt greit. Heilt topp!

No sit eg på mi meksikanske seng i mitt meksikanske hus og har nett ete middag med mi meksikanse mor, mi australske søster og min amerikanske bror. Det er ikkje berre spanande, men også ganske rart. Men det er kjekt, og trygt. Stemninga og atmosfæra i huset er herleg avslappa og venleg. I morgon byrjar skulen for alvor med undervisning, og eg skal ha min første time med spansk. Det kan ikkje bli anna enn bra, teke i betraktning at eg byrjar å sjå meg lei på å ikkje skjøne eit kvekk av det som blir sagt. No skal det smålåte nemnast at eg plukkar opp eit ord her og eit ord der kvar dag, så heilt vekkreist er eg no ikkje, og litt meir skal eg nok lære.

I dag var vi på marknad og museum. Det var livleg og artig. Eit par bilete nedanfor.


For alle som lurer, så har eg det svært bra, og meir detaljerte oppdateringar skal kome med jamne mellomrom. Pluss at eg har skaffa meg skype! For alle som vil ta ein prat når tidssonane legg det til rette slik; last ned skype og legg meg til som ven: brukarnamnet er helgaurke.


Hasta luego!

3 Comments:

Blogger Sverre said...

Gratulerer med nytt innlegg!
Glede meg te flere oppdateringer:)

4:11 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Helga :) En sann lykke å se deg her igjen!!! Jeg har fått meg ny blogg: siljekanin.wordpress.com! Går alt bra med deg så langt? Håper det! Gleder meg til å ha litt kontakt med deg, vi kommer jo tross alt til å være på samme side av jorden :) Stor klem

10:52 p.m.  
Blogger Klara Jensen said...

Du maa skriva meir, Helga! :) Og legg inn masse bilder, heldig som e i Mexico!! Regne vekk i kalde Tyskland (ikkje sammenligna med Bergen men...) Har adda deg paa skype no!

11:39 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home