Uganda mukwano guange
Nokre har kanskje fått med seg at eg har vore ein tur utom stovedøra. Andre gjekk det kanskje hus forbi. I alle høve så er eg no attende. Simi og eg hadde ein utruleg flott tur til Uganda. To år er gått sidan sist vi var der, og vi var spente på korleis saker og ting var no. Eg skal ikkje leggje ut i det vide og det breie om alt det kjekke vi opplevde, for det er sannsynlegvis mest kjekt for oss. Det var på ein måte som ein miniminiversjon av Act Now-opphaldet vårt, berre at det sjølvsagt var heilt annleis. Vi fekk i alle fall vitja mesteparten av arbeidsplassane våre, og kom oss litt ut på landsbygda. Det beste var nok å møte att mange av dei venane vi fekk medan vi var der. Det var utruleg kjekt! Det eg derimot vil seie, er at Uganda er eit fantastisk land. Folk der er så utruleg imøtekomande, hjelpsame, gjestfrie og interesserte. Det høyrest nok ut som ein typisk klisje, men det får heller vere. Å kome ned att minte meg på ny om kor godt eg treivst då eg var der, og alt på grunn av menneska. Det handlar om kva som er viktig i livet. Gang på gang får eg det bekrefta: Relasjonen til andre menneske. Å kunne vere saman og ta del i kvarandre sine liv. Det å bli teke så godt i mot viser at vi blei sett pris på medan vi var der, og ved å dra tilbake viste vi at vi sette pris på dei vi møtte for to år sidan. Venskap. Eg veit mest ikkje om noko betre, eg.
Eg og Simi. Opp ned.
5 Comments:
Bra skrevet :)
jeg ble rørt
Flott at turen ble bra, Helga. Å vende tilbake til noe med skyhøye forventninger, kan nemlig være litt farlig.
Herlig! Jeg gleder meg til å høre mer om turen neste helg, og til at du skal pleie kusinerelasjonene din også:-)
hehe, blir konge! lenge sia sist no! :)
Legg inn en kommentar
<< Home