tirsdag, februar 14, 2006

Leverposteilokk

Eg bur i eit herleg kollektiv! Heilt sidan byrjinga av januar har eg gått rundt og masa og grene om leverposteilokk! Eg skreiv mail til Stabburet og spurte om dei ikkje kunne vere så venlege å gi meg eit lokk til leverposteiboksen min, men eg fekk fem lokk til makrell-i-tomatboksar i staden. Det er vel og bra det, men eg har ikkje vore så voldsom på det pålegget i det siste. Leverpostei derimot, har det gått unna med! Men det som er irriterande er at eg alltid må ha han i ein pose (alternativt opp-ned på eit tefat, men vi har ikkje mange tefat i huset, så det blir ein sånn liten pose). MEN igår fekk eg meg ei gledeleg overrasking! Anette (frå Ålesund) kom heim frå REMA 1000 og kva hadde ho på lur i plastnettet sitt? Eit leverposteilokk til meg!! Eg er takksam!

Ski på HELGAtun!

Sist helg stod eg på ski! Jepp, det er fakta! StudentkrikBergen hadde tur til Voss og der heiv eg meg på saman med 90 andre for å teste forma etter kring tre år utan så mykje som ein sving i bakken. Det var med blanda kjensler eg spente på meg skia - yr av glede for å få stå på ski igjen, men der var også ei aldri så lita uro for å tryne i bortoverbakke, ikkje kome meg på heisa, dette av heisa, ikkje kome meg av heisa, tryne i høgresving, tryne i venstresving. Men alt var gløymt då eg stod på toppen av bakken. Utan skibriller, med tåke og snøkave. "Har du ikkje briller, Helga?" "Nei, det går bra det, - herda sunnmøring, veit du! Har aldri brukt briller!" (det er ikkje tull, altså. Briller har eg ikkje!)


I alle fall, det var berre å setje utfor og håpe på det beste. Til mi overrasking og lettelse oppdaga eg at det er med telemark som med sykling. Litt rusten i starten, men etter kvart som eg vart varm i trøya gjekk det som ein draum. Tåka letta til og med etterkvart og eg kunne sjå kor eg rann. Eit par mindre elegante fall hadde eg sjølvsagt, men det skulle berre mangle!

Etter maange timar med herleg vossaføre bar det nedatt til Helgatun, -jepp det er sant, vi budde på Helgatun Ungdomsheim. Eg var svært nøgd med det! Ikkje berre gjorde namnet sitt til at eg likte staden, men det krydde av gamle koselege damer som laga fantastisk mat. Om kvelden kunne vi setje termosane våre på brett merka med kaffi, te eller kakao, og på morgonen stod dei der fyllt med ønska innhald. Det kallar eg omsorgsfull luksus.

Det gjekk sjølvsagt ikkje berre i ski. Både fredag og laurdag kveld var det underhaldning! Quiz, limbo, og diskodans på høgt nivå. Nokre av desse krikarane hadde overraskande gode mooves inne og heldt det gåande til langt på natt.

Sundag ettermiddag i 5-tida satt alle i bussen og var nede for telling. Ikkje mykje blei sagt på dei to timane turen heim tok, dei fleste blei dyssa i svevn av Thomas Dybdahl. Då vi nærma oss Bergen var det slutt på idyllen med kvite brøytekantar. Regnet tok over, men det kom ikkje som noko overrasking eller skuffelse. Eg kan leve lenge på dagane på Helgatun.

fredag, februar 10, 2006

God Helga!

Fredag - herlig! Sola skin i Bergen, presentasjonen av helsefremjande skular er unnagjort og eg er mett etter lunsj på universitetet si rekning. Kan det bli betre?