tirsdag, juni 06, 2006

Medpassasjer til bry

I går hadde eg ei fascinerande oppleving då eg tok buss frå Stavanger til Bergen. Dette var siste etappe frå Lillesand, eg var rimeleg lei av å køyre bil og buss, og såg fram til ein rask og smertefri tur rett heim. Alt gjekk som smurt den første stunda; god plass i bussen, og eg kunne berre sitje og nyte det vakre lanskapet på vestlandet. Så hende det. Vi var nett komne til Bokn, og vidare til Susort (eller noko i den dur) etter å ha teke ferja frå Rennesøy. Bussen stogga ved eit einsamt busstopp, og ein ungdom kom på. Denne skulle vise seg å skape irritasjon.

Han sette seg på seta på den andre sida av midtgangen for meg. Alt i orden det, vi køyrde vidare. Så kjem det; han skulle sjølvsagt høyre på musikk. Alle går no rundt med musikk på øyra i desse dagar. Det er mest ikkje råd å få kontakt med våre medmenneske av di dei er fortapa i ei musikkverd. Ikkje noko gale i det, for så vidt, berre det ikkje går utover andre som eventuelt sit på buss og vil sove! Det er, etter mi oppfatting, poenget med høyretelefonar, at ein kan høyre på den musikken ein vil utan at andre treng å høyre han. Det poenget hadde tydlegvis ikkje min ven frå Tysvær teke. Eg (og andre medpassasjerar) blei offer for ein trancekonsert av dei få. Vi snakkar ikkje om ei så vidt høyrbar summing der ein tenkjer er at "oj, eg kan høyre at han spelar musikk, han burde skru ned litt, eller så kan det gå ut over høyrselen hans seinare i livet". Nei, her kunne eg setje i og syngje med dersom eg hadde hugen og dersom eg hadde kunna teksten på spetakkelet. Songane hadde for så vidt ikkje dei mest avanserte og djupe tekstane. Heller ikkje så mykje tekst, og sidan repertoiret var på kring ti songar, slapp vi å vere redde for at vi ikkje skulle få ein repetisjon eller tre, og hadde gode forutsetjinar for å lære oss lyrikken utanåt. Vi hadde kring fire timar att av reisa, og alt eg vona og ba - han gav ingen teikn på at han skulle av med det fyrste. Tvert om- han la seg til å sove! I medan skreik høyretelefonane ut remix'ar av Bryan Adams, og inkjeseiande lyrikkar kom på rad og rekkje. På fleire tidspunkt var eg på nippet til å lene meg over og spørje kva HAN oppfatta som meininga med høyretelefonar, men det hadde neppe nytta, av di han sikkert var tilnærma døv!Det var berre å innsjå det. Gjennom Tysvær, Sveio, Stord, Tysnes og heilt fram til ein etterlengta Bergen Bussterminal blei eg heilagt overtyda om at denne type musikk aldri vil gjere eit positivt inntrykk på meg, og at eg sjølv må kjøpe meg slikt elektronisk utstyr for å verne meg mot nye angrep av dette slaget.

Elles vil eg takke ein eldre herre som hadde med seg ei rhododendron-plante som åleine tok opp to busseter, og som gav meg assosiasjonar til lange, trange, svette, og ikkje minst bråkete bussturar i Uganda, der både dyr og menneske var med, og som til sist sette heile denne situasjonen med Tysværingen og "musikken" hans i eit litt større perspektiv.