torsdag, mars 23, 2006

Muslimkone?

I natt drøymde eg at eg gifta meg med ein muslim frå Afrika og flytta dit.... Kva seier du til det, mamma? Eg kan leggje til at då eg kom ned til mitt nye heimland angra eg på heile giftarmålet, men då var det desverre for seint...

tirsdag, mars 21, 2006

Måsemas

I går var det ein måse som som fann det for godt å bæsje på hovudet mitt.

mandag, mars 13, 2006

Hyttetur

Denne helga har eg hatt det fantastisk kjekt! Kva har eg gjort? Eg har vore på hyttetur på Voss saman med ein herleg gjeng! Maria, Eli Synne, Lise, Lene, Thorstein, Magnus, Ariani, Leandro, Simon, Martha og eg. Vi reiste opp fredag ettermiddag med godt humør og høge forventingar. Det var vanvittig kaldt då vi kom fram til hytta. Vi fyrte i peisen som om det stod om livet, og snart var vi nokon lunde lunkne. Vatnet gav oss ei utfordring då springen var frosen, men den tok vi sjølvsagt på strak arm og henta vatn i brunnen. Vi hadde trass alt med oss to kenyanarar og elles hadde nok dei fleste vore med på vassutfordringar ein gong eller to før. Fredagsmiddagen vart jegergryte og ris - passande rett på fjellet. Eg stod for riskokinga, og tek sjølvkritikk, Maria. Men på hyttetur er det mykje som går igjennom - denne risen var intet unntak.

Laurdags morgon var det god og lang frukost. Det tek tid når elleve ivrige skal ut på ski. Det var rett nok ikkje alle som stilte. Av elleve stykker hadde seks ski. Av dei var to frå Kenya og to frå Brasil. Nordmennene var med andre ord slappe når det kom til det vi liksom er født med på beina. Men det blei teke kraftig att på akefronten. Etter kvart kom vi oss nemleg ut på garden og ut i løypa. Det var nydeleg ver - ikkje ei sky på himmelen og strålande sol. I samla tropp gjekk vi oppover, og tok det med knusande ro. Våre internasjonale vener imponerte stort med sine nyutvikla dugleikar i skikunsten.


Etter ei stund kom vi opp på ei sæter. Der slo vi oss ned og naut appelsiner frå First Price. Desse er verd å nemne av di dei var usannsynleg gode! (Eg skal kjøpe fleire idag) Medan nokre satt litt lenger på raua, var Simon, Martha og Ariani ute på marka og øvde iherdig på langrennsstilen. Så var det klart for litt leik. Vi aka på rompeakebrett og ein annan fantastisk akereiskap som eg ikkje veit opphavet til. Det blei stafett i snøen og paralympics i snøenglar (ikkje heilt sikker på kvifor det var parlympics). Men det var i alle høve suksess. Snødukking høyrer også med der det fins snø, og vi utelot sjølvsagt ikkje denne underhaldande aktiviteten. Maria var særleg glad for det.

Det blei tid for heimtur, og den var eit høgdepunkt på helga. Då var det bakke på bakke (nedover), og både eg og andre fekk for alvor ei openberring når det gjeld rompeakebrett. Det gjekk så det suste! Sikksakk mellom plogande og liggjande kenyanarar, snøsprut i andletet og krampe i magen, flaug vi av garde. Åh, det var så fantastisk!
Alle kom seg vel ned og akinga måtte berre halde fram utanfor hytta.

Til kveldsmat stod pizza på menyen. Eg og Lene syntest det var for gale med all den jegergryta som var til overs frå fredagen, så vi laga like godt ein jegergrytepizza. Det gjekk glatt ned det også! Kvelden vidare var prega av leikar og spel. Lise og Eli diska til og med opp med Beat for Beat - konkurranse. "ha-ho"-spelet, "a what"-spelet var store hit'ar. Nokre var fornuftige og gjekk til sengs relativt tidleg, medan andre haldt det gåande til langt på morgonkvisten. Sundag åt vi ein ny god og lang frukost med sjokoladekake til Ariani som blei 22 år! Hurra for ho! Så vaska vi og aka litt igjen før det bar heimover.

Ein utruleg kjekk tur med fantastiske folk!









fredag, mars 03, 2006

Ny sveis!

Kanskje ikkje så ny lenger... Denne vesle hårklippen var eit resultat av ei kjempekjekk helg i Oslo saman med Solveig og Ingeborg (søskenborn), og Anna og Eli (søstre). Vi kosa oss til det ytste, og høgdepunktet for min del (sett vekk i frå gleda av å vere saman!) var nok besøket, eller rettare sagt, dagen, på NRK. Der boltra vi oss mellom kjendisar som Karen Marie Ellefsen, Gry Blekastad og Christian Borch. Det var ei oppleving av dei sjeldne.

Tilbake til sveisen. Solveig tok saksa i eiga hand og som så mange gonger før klipte ho med stø hand og høg sjølvtilit. Både Ingeborg og eg tok sjansen. Det gjekk vel bra denne gongen, Tante Karin?

onsdag, mars 01, 2006

Fastelaven!

Sundag var fastelavenssundag, og då hadde eg fastelavensbollefest! Baka så mjølskya stod. Bollar med krem, bollar med sylte, bollar med sjokolade, smultbollar, smultbollar med syltety - eg fekk med det meste. Fastelavensris og snøklokker på plass. Det var ein koseleg ettermiddag! Men folk er småspiste - har frysaren full med bollar.
I går var det grauta-tysdag, og det var sjølvsagt graut som stod på menyen. Havregrynsgraut til frukost og risengrynsgraut til middag. Havregrynsgrauten er for så vidt fast post kvar morgon, men risengrynsgrauten var i høve dagen, og eg har i grunnen bestemt meg for at det eigentleg ikkje er naudsynt å koke risengrynsgraut noko særleg oftare. Det tek altfor lang tid og eg blei usannsynleg full i magen. Ikkje sånn god og mett, berre full. Men poenget er vel akkurat det - å ete seg opp slik at ein har noko å tære på under fasta. Når eg tenkjer meg om er kanskje ikkje graut det beste å tære på...
Idag er det oskeonsdag. Då skal eg helst strø oske i maten....