tirsdag, august 29, 2006

Pia



No er det svært lenge sidan bloggen vart oppdatert, og det er på høg tid. Siste vekene har vore hektiske men kjekke her eg er attende i Bergen. Dumt at denne bloggen blir starten på det nye skuleåret, men tenkte eg ville fortelje til dei som ein hende gong les desse småskribleriane mine ei trist nyhende. Det er om Pia. Pia er hunden vår (som dei aller fleste veit sidan ho ikkje sjeldan er samtaleemne av di vi er så kry av ho). I går døydde ho. Ho vart sjuk i førre veke med laus mage og blod i avføringa. Ho fekk noko medisin mot det og kvikkna til att. Men sundag vart ho mykje verre, og måndag morgon gav ho opp på fanget til Eli på veg til lækjaren. Det er rart kor glad ein kan bli i ein hund, og eg greier ikkje heilt å tru at eg aldri får sjå ho att. Ho var så hengiven og kunne aldri leggje skjul på si begeistring for oss, noko som førte til uendeleg mange tisseflekkar på golvet. Trass den rampejenta ho er så trur eg ho nett no sprett frå sky til sky i hundehimmelen og har det glimrande!