mandag, mars 26, 2007

Kven er rampen?

Nokre har det travelt og har mest ikkje tid til å tenkje på andre. Nokre har det ikkje så travelt, og kan gjerne tenkje på andre, men er ikkje utspekulerte. Andre igjen har det langt i frå travelt, og har god tid til å tenkje på andre, og er full av små trollske påfunn som dei kan utvikle medan dei tenkjer på desse andre. Det er mi oppfatting at eg er blitt eit offer for ein slik ein.

For nokre veker sidan ana eg fred og ingen fare då eg morgonblid og opplagd traska inn på skulen for å sjekke mailen. Det er første post på programmet kvar morgon. Det som møtte meg var ein e-post frå blablabla@bestilling.no. Jaja, tenkte eg, og opna. "Vi har mottatt din bestilling på årsabonnement på "Jakt", kr 490." Med fullt namn, adresse og telefonnummer. "Svarte", tenkte eg, "kva er dette no då?" Eg svara høfleg at det måtte ha hendt ein feil, og at eg nok diverre for dei ikkje hadde tinga eit årsabonnement hjå dei. Vel tilbake til innboksen vart eg møtt med ny melding frå blablabla. Denne gongen hadde dei motteke mi bestilling på toårsabonnement på noko så treffande som "Gassmagasinet". Eg kjende at dette var litt irriterande, og skreiv for tryggleiksskuld ein litt amper mail om at systemet til blablabla hadde hol. Det hjelpte lite der og då, då eg allereie hadde fått eindå ein mail. "Vi over 60" var tinga og på veg. ARGH! Eg trur eg såg raudt, men latteren tok meg då den fjerde mailen kom. For siste gong skreiv eg og ba dei venligst kansellere alle bestillingane. Nok tull for ein dag. Trudde eg.

Då eg kom heim for dagen og henta posten hadde eg fått brev. Hurra! Ikkje at det var så umåteleg interessant. Det var ein stor konvolutt frå NKI Fjernundervisning som takka for mi henvending og vona at eg fann noko som passa for min livssituasjon i studiekatalogen deira. Jaha. Eg hadde langt i frå henvendt meg til dei. Eg går på skule!

Men det stansa ikkje der. Nokre dagar seinare oppdaga eg eit ubesvara anrop på telefonen min. Eg ringde mobilsvar og der var det ei dame som spurte om eg ikkje kunne ringe tilbake. Det gjaldt innmeldinga mi i Bonde- og småbrukarlaget! Herlighet! Himmel og hav! Det heile vart for komisk for meg. Etter dette vart det roleg. Ingen fleire medlemskap eller abonnement. Men her førre veke då eg hadde min reglemessige prat med pappa på telefonen, sa han at "Foresten, det har kome ei avis til deg ei stund". Eg som hadde gløymt alt det andre styret skjønte ikkje kva for avis det kunne vere. Jau, det var "Eidsvåg og Ullensaker Blad". Mamma hadde sjølvsagt allereie ringt og sagt at ho ikkje ville ha det, så det skulle nok vere i orden, men dette ville jo ingen ende ta! Toppen på kransekaka kom på torsdag. Då fekk eg ein faktura i posten frå bot.as. Eg var no innmeldt med både månadsavgift for fartsbot og månadsavgift for parkeringsbot. Det var jo verkeleg noko for meg som er kjend for å råne rundt i Bergen i vill fart og parkere på alle andre stadar enn der ein skal parkere.

Det er med ein viss risiko eg skriv denne bloggen. Andre kan raskt synes at dette må vere den ultimate rampestreken der ein sit på skulen og keiar seg framføre datamaskina, og utsetje andre for same fanteriet.

Nei, nokon driv gjøn med meg, og eg ventar i spaning på kva morgondagen vil bringe...

torsdag, mars 22, 2007

Oppe og går

Medan eg har vore i ei omfattande bloggedvale har det hendt saker og ting i bloggeverda. Mellom anna har eg observert det nye fenomenet "bloggetikken". Eg er no blitt "tikka", og det TO gonger. Dette kan kanskje vere eit resultat av at det har vore regelrett daudt på bloggen min sidan tidleg januar. Vidare er det ein moglegheit for at eg måtte bli "tikka" for at eg skulle vakne frå kviletida.

Har eg forstått dette rett så skal eg no liste opp seks punkt som inneheld noko rart om meg sjølv som få eller ingen veit eller noko som ikkje er så rart. Så skal eg skrive reglane for denne festlege leiken på bloggen min. SÅ skal eg gi "tikken", eller "sisten" som eg er oppseda til å kalle det, vidare til seks personar ved å vitje bloggen deira og seie "du har 'tikken' evt 'sisten' " og at dei kan lese reglane på bloggen min!

Så då kjem lista mi.

1. Når eg var lita ville eg bli ferjemann når eg vart stor. Eit resultat av å vekse opp på Sunnmøre med daglege møter med ferjer og ferjemenn. Var det kanskje også ein umedviten likestillingskamp?

2. Eg har knappefobi. JA, det er ein EKTE fobi! Eg har freista å finne han på nettet, men då kjem det opp folk som har fobi mot knappar på maskiner og fjernkontrollar og så bortover. Men det gjeld ikkje for meg. Eg har fobi mot knappar på klede. Særleg dei som er litt små.

Til opplysning så sit eg no med frysningar opp og ned i heile kroppen av berre tanken på å måtte ta i knappar. Og det at eg faktisk har måtta skrive ordet "knapp" så mange gonger er ikkje noko eg er heilt komfortabel med.

3. Ein gong (også når eg var lita) vart eg litt irritert på mamma, så eg slo ho i hovudet med ei skei. Ho tok til å gråte.

4. Eg kan ikkje fordra å kaste plastposar, og prøvar å spare på dei så lenge som mogleg. Eg skyljer difor brødposane med jamne mellomrom og tørkar dei så godt eg kan i skul. Klara har berre "merka" meg eit par gonger.

5. Opp til fjerde klasse hadde eg fri kvar onsdag. Ein periode var eg saman med ei venninne denne dagen. Ein gong då vi var heime hjå meg fann vi ut at vi skulle lage vaflar. Vi sette i gong med ei mangedobla oppskrift og steikte vafler heile dagen. Så vart eg litt usikker på om eg faktisk hadde lov til dette. Du veit, vaffeljarn er jo elektriske og varme og farlege. Så vi tok alle vaflene og "gøymde" dei under ein kjøkenstol i ein krok. Eg er redd vafleeimen som oppstod etter timar med steiking avslørte oss likevel.

6. Når eg var lita nekta eg å gå i andre bukser enn joggebukser. Fram til femte klasse (i dag sjette) hadde eg rett og slett berre joggebukser. Når eg vart invitert i selskap tok eg fram den fine kvite....


Eg "tikkar" Karoline, Sverre, Hanna, Anders, Marta og Lene!