fredag, september 15, 2006

Kven bryr seg om veret?

Dagen i går var den tredje varmaste dagen i Bergen i år. Varmerekordar vart slegne i hytt og pine. Folk svetta i kapp, sjeleglade for ein liten ekstrasommar. Torsdagsmiddagen vart på terassen med grilling. Kan det bli betre? Jau, det skal eg seie deg. Det som verkeleg gjorde dagen for meg var o herlege Scotsman med sving! Dei som følgjer med på bloggen veit at eg har fått ein kjærleik for denne danseforma. Ein svært etterlengta aktivitet som har hatt pause i lange somarmånader. Endeleg var vi attende på golvet med sprett og iver i beina. KRIK'arar inntok på ny utestaden, og det er ikkje tvil om kven som laga livet. For ei fantastisk sysle det er å få danse litt.

onsdag, september 13, 2006

Var Sykkylven her?

Denne siste helga var eg så heldig å få vere saman med gamle kjente frå heimbygda! Dei kom som parler på ei snor flygande frå Trondheim for å ha seg ein storbyferie i Bergen. I vilkårleg rekkjefølgje: Per Magne, Martin, Steffen, Trond og Dag Erik. Torsdag var dei på plass og klare for festlegheiter....eg er kanskje ikkje den mest eigna utelivsguiden for Bergen, men andre kunne ta seg av det. Folk har ein merkeleg tendens til å finne fram likevel. Torsdag kveld starta med eit Sykkjylvstreff av dei sjeldne. Ikkje nok med at fem stramme karar kom langvegs i frå, men det såg ut til at kvar ein einaste sykkylvsfant i Bergen og omegn leita seg fram til Garage denne kvelden. Og det var sjølvsagt ikkje utan grunn. Dei lovande rockerane i bandet Incognito (tilgje meg dersom stavinga skulle vere galen) hadde nemleg konsert nettopp der. Kvifor skulle vi gå dit? Jau, du gissa det- dei er sjølvsagt frå heimbygda dei også! Rett "flenke" var dei. Etter noko gauling frå eit par jenteband kom vi oss derifrå og tok ein tur til Kvarteret, eller som Trond heller fann det for godt å kalle det: Kvadratet (med simulering av eit kvadrat med hendene. Spør meg ikkje kvifor). Eg tok "tidleg" kveld i to-tida, og labba heim.

Fredag regna det. Vi tok omsider mot til oss og gjekk å handla taco-ingrediensar. Tom mage er ikkje bra for nokon aktivitetar. Eit par vorspiel seinare spreidde sykkylvingane seg utover Bergen sentrum. Eg hadde mi fyrste vitjing på Pingvinen. Det høyrer med til historia at Stig, syskjenbornet til Steffen, er med å driv denne svært nette og behageleg staden. Dag Erik tinga seg kaffi og konjakk og var overmåteleg begeistra for det nydelege kaffiserviset han blei servert (eg er på ingen måte usamd).

Laurdag hadde vi den obligatoriske turen i byen. Møtast på den blå steinen, kike litt i butikkar, ete litt mat (for dei som følte at forma tillet det). Av ein eller annan grunn endar eg alltid opp på Godt Brød når eg har besøk. Ikkje noko gale i det for så vidt. Det vart til og med is på Bryggen. Når eg ikkje fekk med meg nokon på Fløyen, så er is på Bryggen ei god, om ikkje fullverdig, erstatning. Det må vel vere sagt, at det ikkje var direkte uvilje til å ta turen til Fløyen. Det var vel heller måten å transportere seg sjølv dit, som skapte litt interessekonflikt. Nok om det. Laurdagskvelden var enno ung, og Dolly Dimple's vart ansvarleg for mat. Byen fekk vente. etter eit evigvarande vors kom vi oss til kveldens mål: Scotsman. Eg såg fram til sving, men den kilometerlange køa dempa forventningane mine. Og med rette; det var kjåkfullt, som pappa plar seie. Det tok seg likevel betrakteleg opp då Vegard Relling dukka opp! Fantastisk å sjå den karen igjen. Han var den same gamle, gode. Eg og Trond gjekk heim i 4-tida og åt grandiosa. Det var store skilnader i oppfattninga av kva som er ein grandiosa klar for eting. Det måtte ende med at eg heldt fram med å steike min del etter at Trond tok ut sin del. "Ein grandiosa skal ikkje steikast, han skal varmast!", sitat Trond. Han ville helst sjå konturane til dei små ostebitane. Eg er komen fram til at desse skilnadane anten er kulturelt betinga (alle eg har møtt som meiner at ein grandiosa skal "varmast" bur i Trondheim), eller kjønnsbetinga (alle eg har møtt som meiner at ein grandiosa skal "varmast" er gutar) . Det kan eventuelt vere ei multifaktoriell årsaksforklaring som kombinerar dei to.

Sundag vart ein likandes dag då eg fekk gjennomslag for ein runde med Fantasi! Steffen, Trond og eg. Alle mot alle. Dei likte det, dei og. Det som er viktig å ta med er at eg vann. Elles var helga også prega av nokre gode diskusjonar om alt frå ulike syn på alkohol til Noreg og medlemskap i EU. Dei som kjenner meg veit at eg elskar diskusjonar og samtalar der ein gjerne er litt ueinge. Å berike andre og seg sjølv med nye impulsar og meiningar trur eg er noko av det mest verdfulle ein kan vere med på. Det fekk eg denne helga. Sweet! I 4-tida vende dei nasen mot nordlege strøk. Eg sat attende trøytt som eg ikkje kan hugse at eg har vore (Silje fekk smerteleg? erfare det), men svært nøgd med ei lang helg med gode vener!

No irriterar eg meg over at bilete-funksjonen ikkje samarbeidar med meg, men fortvil ikkje; eg gir ikkje opp enno! Eg tek opp att kampen i morgon.