torsdag, mai 11, 2006

Swing it!

Eg er swingfrelst! Takka vere KRIK sitt fenomenale 50-talsparty har eg fått augene opp for den friske aktiviteten, swing! Laurdag hoppa over 100 KRIK'arar inn i 50-talsantrekka sine og troppa opp på Jukeboxparty for å, ja nettopp, svinge seg! Eg kan rett og slett ikkje erindre at eg har hatt det så kjekt ein laurdagskveld nokon gong! Eg skal ikkje leggje ut om kor fantastisk bra alt var, for det går berre ikkje an å skildre det med ord! Nok er det å seie at dansegolvet var fullt heilt ut i dei små timar, då vi måtte gi oss av di naboane ville sove, og at eg har hatt gongsperre sidan...