tirsdag, november 21, 2006

Stå opp!

I dag tidleg ringde som vanleg vekkjerklokka ti på sju. Eg har hatt det for vane å slumre EIN gong, og deretter stå opp. I det siste har eg bete meg i merke at slumringa har utarta til både to og tre repetisjonar, noko som resulterer i at eg ikkje er ute av senga før kvart over sju, nærare halv åtte. Eg ser dette som på kanten til uheldig, men sidan eg korkje har eksamen eller andre nære stressmoment før jul har eg tenkt med meg sjølv at eg kan tillate meg litt slingringsmonn. Andre har imidlertid tenkt annleis. I dag hende det nemleg igjen. Kanskje hakket verre enn tidlegare. Eg slumra som vanleg ein gong, men denne gongen gjorde eg den feilen å skru AV alarmen. Eg er berre eit menneske og som naturleg er når det enno er svart som natta ute, fell eg attende i svevn. Eg bråvakna av ein bankelyd. Etter at eg fekk summa meg litt skjøna eg at det stod nokon å banka på døra mi. Eg spratt opp av senga, sjangla bort og opna døra. Der stod Anette og Klara og lurte på kvifor eg ikkje hadde stått opp enno. Klokka var då verkeleg halv åtte!

onsdag, november 01, 2006

Blogg til besvær, og "besvær" er sikkert ikkje eit nynorsk ord.

Eg må ofte minne mine næraste på å lese bloggen min. Dette er sjølvsagt ikkje ønskjeleg, men heller ei smerteleg sanning. Når eg av og til snakkar med til dømes pappa, og han spør om eg har noko nytt å fortelje, så spør eg gjerne tilbake om han har lese på bloggen min i det siste. "Nei, veit du, eg har ikkje det. Eg har prøvd, men eg har gløymt adressa." Eg synest sjølvsagt ikkje dette er ei tilstrekkjeleg unnskulding sidan det i dagens mobile samfunn ikkje skulle vere noko problem å sende ein sms til dottera si for å klare opp i eventuelle uvisser om adressa. For pappa kan skrive sms. Han kan også bruke ei datamaskin. Eg er tolmodig og dikterer adressa for hundreogørtande gong. Ja, no skal han gå inn og lese.

Eg tok meg ein tur heim til Sykkylven for eit par veker sidan. Det var utruleg kjekt, og litt vemodig av di det nok var siste gong eg la meg, vakna, åt og anda i barndomsheimen. Eg tilbrakte store delar av tida blant pappkasser og anna skrot på rommet mitt. Det er fantastisk at det går an å samle seg opp så mykje unyttig i laupet av 20 år. I tillegg nytta eg meg av å hjelpe pappa inn på bloggen min. Eg går no over til PRESENS. Dette er heilt medvite, og ikkje ein typisk feil gjort av ungdomskuleelevar. Eg nyttar presens av di det gjer det heile meir røyndomsnært. Eg skriv inn adressa på datamaskina. Der kjem det opp alle moglege fantasifulle variantar av bloggadresser som tidlegare har vore prøvd, og eg skjønar i alle høve at det er blitt gjort reelle forsøk på å finne meg! SÅ: pappa har litt å ta igjen av lesing på sida og byrjar med Sykkylvsbesøket. Og no kjem konsekvensane av å ha ein norsklærar til far. Eg sjølv set mi ære i å skrive rett nynorsk, og kan ikkje utstå skrivefeil. Mitt fremste mål er likevel at folk som les bloggen skal få med seg innhaldet, og ikkje hengje seg opp i mindre grammatiske feilsteg. Pappa set i gong og les. Det er stille ei stund og så: "Men Helga, då". Å-å...Flashback til dagar som skuleelev, og pappa som les over stilane eg har skrive. Han siterer og rettar: "Tom mage er ikkje bra for nokon aktivitet, ikkje aktivitetar"(For spesielt interesserte - les bloggen "Var Sykkylven her?") Ja, pappa. Han les vidare. Ikkje meir enn eit avsnitt seinare får eg endå eit skår i norskdugleiken min. "....det nydelege kaffiserviset han blei servert? Her må du ha ein preposisjon! Til dømes kaffiserviset han blei servert av. Han åt vel ikkje serviset?" Nei, pappa, han åt sjølvsagt ikkje serviset!! Eg er på kanten til å gjengjelde sarkasmen, men bit meg heller i leppa. Ikkje meir enn ei setning etter kjem neste feil, og nynorsksjølvtilliten min har sunke til negativ. "Møtest, Helga". Kva?! No rotar han. Men nei, eg må gi meg - som så mange gonger før. "Å møtast i infinitiv, men her er det presens og då blir det møtest." Sjølvsagt. Eg har no overgitt meg og er innstilt på å bruke resten av kvelden på RETTING av bloggen. Eg har til og med oppdaga ein grammatisk feil sjølv og ventar berre på at visse andre også skal gjere meg merksam på han. Men nei, lærarmøtet er over for denne gong. Heretter er pappa overlatt til seg sjølv for å finne bloggen min.