tirsdag, mai 08, 2007

Flat mage, sterk rygg!

Måndag 7. mai. Bergen er tilbake til normalen med 7 grader og 25 mm nedbør og alt som det inneber av gore tex, støvlar, regntrekk, paraply, oljehyre og sydvest. Best å vere på den sikre sida. Eksamenstida har slege meg for fullt og timane trekkjer ut på u.pihls fulle og lite gjennomtrekte lesesalar.

Eg skundar meg heim i bergensbunaden i 19-tida. Som den etterkvart erfarne bergensstudenten eg er blitt kjem eg turrskodd innom døra. Ingen heime. Klara hadde kome med forslag om ein joggetur i kvellinga. Tja…Eg er ikkje lenger så sikker då tromminga på tak og vindauger overdøyvar det meste av annan lyd på loftet, og faren for å drukne i ein søylepytt slett ikkje er utenkjeleg lita akkurat no. Ein times tid seinare kjem Klara lett brasande inn døra, med hua på snei, men rett nok utan regnbukse (det passar seg ikkje på jus’en). ”Eg trur eg droppar den joggeturen”. Men ho skal lage pølsebrød og så gå på SIB og trene medan deigen hevar. ”God ide”, seier eg, og let ho styre på med bakebollar, mjøl og litermål. Endå ei lita stund går, og så høyrer vi Anette som kjem springande opp trappa. Klara gir uttrykk for at SIB kanskje får vente til ein annan (turrare) dag. Men alle er tydeleg i form i dag, med opplagra leseenergi som berre skrik etter å bli sparka ut. Men akk ja. Hindra av veret. I vår stadig meir opphissa diskusjon om kor fortærande det er å bli sitjande inne på grunn av alt regnet som strøymer ned frå morgon til kveld, at det aldri fins ein mellomting mellom sol og ausande regn i denne byen, og at på Stord så var det visst ”litt lettare ver” i dag, og at det berre viser kor utruleg innestengt Bergen er, - midt i alt dette utviklast det tankar og idear. Skulle vi ikkje teke ei treningsøkt her heime? Litt etter litt kjem vi alle på gli. Anette set opp si lure mine, snur på hælen og marsjerer slik berre ho kan bestemt inn på rommet medan ho svært innbydande seier at vi kan ta ei økt saman med dvd’en hennar, ”Flat mage, sterk rygg”. Vi to andre trur eigentleg at vi har høyrt feil, men ut att kjem ho med vidunderet. I ein fei blir pølsebrøddeiga smelt i hop og sett til heving, eg har hoppa i joggebuksa og stovegolvet er reinska for bord, sofa og andre plasskonsumerande element, dvd’en er i maskina, og parketten dekkja av ymse tepper frå NSB og IKEA, for ikkje å nemne Anette si proffe blå NORDIC treningsmatte. Vi er klare.



Dvd’en har alle slags finesser, men det bryr vi oss ikkje om. Vi hoppar glatt over både filosofien og ”test deg selv”, og går rett til kjerna – treningsøvingane. Oppvarminga byrjar med pust og bøy, fram og bak, side til side. Musikken strøymer ut, åtte enkle, 4 doble. Korleis var det med den takta, Klara? Blokk etter blokk svirrar forbi med obligatorisk fotosessions innimellom strekk og bøy. Brått er vi på blokk tre med ryggøvingar opp og ned. Rett i ryggen, navlen mot ryggrada, venstre arm fram og høgre fot bak, pust, nakken MÅ vere ei forlenging av ryggrada. Sett vekk i frå eit aldri så lite underskot på plass er dette ypperleg. Berre eg strekkjer arma mi litt på skrå ned, og foten litt bøygd der, så kan vi alle utfalde oss. Dama masar: ”Fram med nedre bekken”. Vi kjem fram til at vi veit ikkje nøyaktig kvar det nedre bekken er, så vi fokuserer heller på det med nakken og let bekkenet segle sin eigen sjø. Jauda, dette går på skinner! Eit utal av øvingar. Resultatet skal jo vitterleg bli flat mage og sterk rygg! Mageøvingane står for tur. Korleis står det til med abdominal ett eller anna? Alle tre ned på alle fire. Tærne i golvet og løft knea frå bakken og hold. Det byrjar å ta litt i magen no ja. Kameraet står på sjølvutløysar og pip så det held. Klara jamrar og Anette skrattar, dama på dvd’en opplyser om ti resterande sekund i den i augenblinken uuthaldelege stillinga. Med blitsen i auga og riving i magen er dei ti sekunda som ei og ei halv æve å rekne. Men vi held ut. Vi er rett og slett LAGA for styrketrening! Blokk fire og fem er unnagjort. Var dette alt? LETT! Berre uttøyinga står att. Skreddarstilling og hovudet bøygd til sida, så ned og kik inn i armhola. Den fysiske underhaldinga er over for i dag. Pølsebrøddeigen ventar på utbaking. Eg og Anette ser med begeistring på dei ferske bileta av oss sjølve i aksjon medan Klara diskar opp med litt godis – rosiner og mandlar – ein klar favoritt på loftet i Kalfarveien 10. Det skapar diskusjon kring kva som eigentleg er sunnast – rosiner eller mandlar? Rosiner er jo druer. Frukt! Tilset dei noko i rosinlageprosessen, då? Kva med druesukkeret? Men frykt ikkje! Vi har ei blekke med detaljerte skildringar og utgreiingar av alle tenkjelege frukter og grønsaker hengjande på korketavla. Men kva er dette? Ingen notat om druer?!