mandag, oktober 16, 2006

Unyttig informasjon

Ja, litt forseinka kjem det no ei lenge etterspurt oppdatering. Eg innser etterkvart at bloggane mine er relativt ettertrakta. Denne blir kort. Eg kan meddele for dei som av ein eller annan uforståeleg grunn ikkje trudde at genseren som eg dreiv å strikka på i september ikkje skulle passe, no for ei god stund sidan vart ferdig og er teken i flittig bruk. Når eg får eit bilete av vidunderverket på, skal eg leggje det ut som prov.

Elles så trudde eg at eg skulle få ein svipptur innom Sykkylven til helga, men det ser dårleg ut. Eg arbeidar iherdig med saken, så vi får sjå. Eg må innrømme at det hadde vore herleg med eit par dagar i heimbygda. Kanskje for siste gong i huset mitt? Eg likar å sjå på det som mitt.

På laurdag var eg på KRIK fotballcup. Der hadde eg ansvaret for den prestisjefylte triksekonkuransen! Det var heller laber oppslutning, men eg fekk huka tak i fem-seks lovande spelarar som gjorde sitt aller beste, med varierande resultat. Vinnaren imponerte med heile 510 triksingar(?). Er litt usikker på eininga her... I alle høve: sidan det var lite å gjere på trikseposten min nytta eg meg av sjansen til å vere med på andre aktivitetar. Av dei var bruskasseklatringa favoritten. Jada, det er meg på toppen der! Det var innmari tule altså. Og kjekt å flyge nedatt i tauet når kassene ramla. Anbefalast.

I går grilla eg pølser på bål. Meir spesifikt, kylling- og kalkunpølser. Eg var kanskje litt i tvil om det var så lurt å kjøpe dei i staden for den vanlege sorten, men sterke meiningar med erfaring fekk overtyda meg. Og eg må ærleg innrømme at dei var uventa gode. Først kjende eg eigentleg ikkje nokon skilnad, men ettersom inntaket auka, vart dei betre og betre. Eg har dermed utvida horisonten litt, og er tilfreds med det.