torsdag, februar 07, 2008

Mi familia mexicana

Eg har fått ein ny familie. Meir korrekt formulert ville vel vere endå ein familie, sidan eg ikkje føler at noko blir erstatta. Denne gongen ein meksikansk sådan. Dette er slett ikkje verst, heller ganske svært, vil eg påstå. Frå første stund var eg dotter. Og samstundes hadde eg fått ei mor. Ein treng det i Mexico by. Mi mamá heiter Yelda, og er ei flott dame i 60-åra, full av energi og humor. Ho står opp kvar morgon og lagar frukost til borna sine, og ønskjer dei ein god dag. Når vi kjem att er ho klar med middagen. Skikkeleg god meksikansk mat! Quieres una tortilla? Ho snakkar berre spansk. Slett ikkje av di ho ikkje kan engelsk, men av andre årsakar. ”Español, por favor! Helga skal lære spansk!” seier ho og ser skarpt på den som måtte bli freista til å snike inn engelske setningar. Dette gjeld for det meste José, som er ein av mine meksikanske brør. Han studerar i Mexico by, men er opprinneleg frå Tampico, ein by litt lenger nord i landet. Han studerer jus, og ler godt og mykje, slik at haka går opp og ned. Den andre som naturleg nok lett vekslar mellom spansk og engelsk, er Dan: min amerikanske bror. Han er 20 år, frå St. Louis, Missouri, med mange tankar om livet og sånn. Dan spøkar mykje, og likar å løfte vekter. Men med måte. Han studerer økonomi, og likar nattelivet. Til hans store fortviling har han fått søstre i Mexico som ikkje bryr seg noko særleg om kva som skjer på millionbyens mange utestadar på kveldstid. Når det kriblar i Dan sine armar og bein etter å utforske byen etter klokka 21, er Ana og Helga klar for pysjen. Ana er opprinneleg russisk, men har budd i Australia sidan ho var 17 år. Ana er ei av søstrene mine dette semesteret. Ho snakkar meir enn heile familien til saman, og deler alt som fell ho inn, ofte medan ho drikk te. Vi får høyre anten vi vil eller ikkje, noko som hyppig fører til komiske diskusjonar, og i nokre tilfelle pinlege situasjonar. Ana og Dan har allereie hatt heftige debattar som trekkjer ut til det keisamlege. Yelda har også tre born som ho faktisk har fødd og fostra opp sjølv. Tradisjonelt bur ein i Mexico heime med mor og far til ein giftar seg, og alder er irrelevant for om ein burde forlate redet. To av desse bur såleis heime med oss. Christina er eldstejenta på 31 år. Ho er uvanleg livlig og er med på alt! Til dømes å få elektrisk støyt for å støtte ein señor sitt levebrød. Ho er den som skravlar i kapp med Ana, og ler mykje! Samstundes er ho svært omtenksam, slik som mor si, og vil alle det beste. Paula er 28, og studerar diplomati i Sverige. Ho har eg difor ikkje møtt, men berre sett på bilete. Men ho kan visst spele piano. Arturo er 26 år og ingeniør. Eg og Ana deler bad med han, og sidan eg har senga mi inntil veggen som skiljer soverommet frå badet, er det vanlegvis Arturo som vekkjer meg. Det er heilt i orden. Han er ein høfleg mann som smiler og arbeidar mykje. Faktisk så arbeidar desse to, Christina og Arturo, så mykje at vi eigentleg berre ser dei i helgene. Arturo går på jobb før vi andre har drege oss ut av sengene, og begge to kjem att seint på kvelden. Men når laurdagen kjem er det andre bollar. Då går praten livleg og kjapt med alle samla kring frukostbordet, slik ein ordentleg familie gjer det.






Cristina, Yelda og eg







Cristina






Eg og Ana



Dan: "What's up gang?"


Eg har diverre ikkje bilete av José og Arturo, men kanskje dukkar dei opp ved eit seinare høve.

tirsdag, februar 05, 2008

Eit tak...

Nokre har hus, andre bur i leiligheiter. Nokre har store hus med plass til mange fleire personar enn dei som bur der. Andre igjen har smaa hus, men likevel plass til ein horve med folk. Nokre har akkurat passe store hus med akkurat passe mange folk. Saa er det nokon som ikkje har hus.
I Tabasco, ein nydeleg groen stat soeraust i Mexico var det i oktober og november flaum. Resultatet: Fleire hundre familiar stod braatt utan tak over hovudet. Dei fleste av desse familiane var menneske som i utgangspunktet var mest saarbare for naturkreftene, og med minst ressursar til aa handtere foelgjene. I tillegg til sjoelve dei fysiske oeydeleggjingane paa hus og vegar, kom dei sanitaere konsekvensane med forureina vatn, og auka risiko for sjukdommar som til doemes malaria og denguefeber.


No er det turt i Tabasco. Eller det er vel i overdriving, for det regnar mykje i den tropiske staten. Men vatnet og flaumen trugar ikkje lenger. Foerre veke drog eg saman med 450 studentar fraa ulike stadar i Mexico til Tabasco for aa byggje hus! Ja, eg kan grave, ja, eg kan handtere eit maalband, ja, eg kan hamre, og ja eg kan skru.

Un Techo para mi Pais - Eit tak for landet mitt- er ein organisasjon basert paa frivilligheit som vart starta i Chile i 1997. Sidan har organisasjonen vakse og faatt feste i andre land i Latinamerika, ogsaa i Mexico. Maalet er aa gi ei hjelpande hand i omraade der naturkatastrofer som orkanar, jordskjelv og flaumar oppstaar, men ogsaa i svaert fattige omraade med daarlege butilhoeve.

Saa eg moette opp med bag'en min, laant sovepose og nyinnkjoept liggjeunderlag for born ( det einaste eg kunne finne). Klar for ei veke som snekkar. I ein chiquito landsby var vi 50 friviljuge delt i 10 lag, som kvar sette opp to hus saman med familiane som skulle bu i dei. Skal seie eg fekk bruk for svingteknikken med hammaren som han far har laert meg! Som norsk jente maatte eg i tillegg bevise meg sjoelv for aa faa kome fram i og arbeide blant staute meksikanske "hombres". Men etter litt mas om aa faa bruke spada, hammaren, og klatre paa taket vakna baade Luis, Gerardo go Isacc og fann ut at historier om sterke norske vikingar ikkje er tull. Stoerre enn nytta eg gjorde for meg medan eg var der, var noke likevevel kulturopplevinga eg fekk. Nydeleg natur, flotte menneske, MYKJE spanske glosar, nokre nyttige og nokre kraftsalver, sol og regn, svette og skit, leik og tradisjon. For kva er vel meir ei kulturoppleving enn etter ein dag med spikring og loefting i hytt og gever, aa faa setje seg til bords saman med Brigida og familien hennar, og ete kylling og boener, ris, tunfisksalat, tortillas og salsa, medan hoener klukkar og stryk deg om foetene der dei leitar etter maiskorn paa jordgolvet, og Luisa Fernanda paa seks maanader blir dyssa til svevn i hengekoeya? Annleis? Ja. Minnerikt? Heilt klart. Relasjonsskapande? Ingen tvil.

Gong paa gong faar eg erfare kor heldig eg er som faar vere med paa saa mykje. Moete menneske med andre bakgrunnar og andre maatar aa leve paa, og som deler sitt med meg.
Det beste eg har gjort i Mexico hittil (og salsaklasser ligg paa ein klar andreplass)!